Ledig plass i kvinnegruppe i januar

Sagt om gruppeterapi: Det er kanskje dette gruppeterapi handlar om: at dei andre i rommet ikkje fult ut forstår, men ein opplever at dei andre har eit sterkt ønske om å forstå, og at dei gir aksept for at di oppfatning og din reaksjon på din situasjon er både forståeleg og heilt naturleg. Det er ingen som har svara for deg, men ved å stille spørsmål til deg om det som er vanskeleg, må eg reflektere og får dermed ny innsikt. Denne innsikta hjelper meg til å komme vidare i livet.